Vedtekter

Vedteke på stiftingsmøte 28.juni 2000

§ 1. NAMN

       Namnet på laget er SAMNANGER NÆRINGSFORUM.

§ 2. FØREMÅL

Næringsforumet sitt føremål er å fremja næringslivet, m.a. ved å verka som ideskapande,      initiativtakande og koordinerande organ for næringslivet ovafor kommunale styresmakter og andre offentlege styresmakter.

Hovudvekta skal leggjast på fylgjande oppgåver:

Arbeida aktivt for at styresmaktene i samarbeid med næringslivet legg forholda til rette for eksisterande og ny næringsverksemd som er til fordel for det kommunale miljøet

  • Ta opp saker og gjeva uttale/utgreiing om næringslivsspørsmål som er viktig for utviklinga i kommunen
  • Fremja fellesskapet innan næringslivet i kommunen
  • Fremja kontakt og samarbeid med næringslivet utanom kommunen
  • Informera om aktivitetar og tiltak innan det interkommunale organet Bjørnefjorden Næringsutvikling

§ 3. MEDLEMMER

       Som medlemmer kan takast opp:

a)      Innbyggjarar i Samnanger kommune med tilknyting til næringsverksemder eller som har interesse i næringspolitiske spørsmål.

b)     Personar som grunna utdanning, stilling eller arbeid har tilknyting til næringane i Samannger kommune men som oppheld seg utanfor kommunen.

Æresmedl emmer kan utnemnast av årsmøte etter innstilling frå styret når vedkomande har lagt ned eit særleg verdfullt arbeid for å fremja laget sitt føremål.

 § 4. INN- OG UTMELDING

Betalt kontingent gjev fullt medlemskap i næringsforumet. Medlemsåret fylgjar                   kalendarår, dvs. 1. januar  til 31. desember.

§ 5. MEDLEMSPENGAR

Drifta av laget vert finansiert med kontingentar, kommunale og andre offentlege tilskot. Årlege medlemspengar vert fastsette av årsmøte og skal vera betalte innan utgangen av mai månad.  Medlemmer som let vera å betala medlemspengar kan strykast frå medlemslistene. I særskilde høve kan styret fritaka for medlemspengar.

§ 6. STYRET

Laget vert leia av eit styre på 5 medlemmer (leiar og 4 styremedlemmer). Ein av styremedlemmene skal utnemnast av kommunen, men den kommunale representnaten kan ikkje veljast til leiar i laget. Leiaren vert vald ved særleg val for eit år om gongen. Dei andre styremedlemmane vert valde for 2 år. Styret vel sjølv seg imellom nestleiar.

Styret held møte så ofte som leiaren eller minst 2 styremedlemmer krev det. Det skal førast protokoll over styret sine drøftingar.

Saker som vedkjem ei faggruppe (§12) skal, før dei vert handsama i styret, leggast fram for styret i vedkomande gruppe. Leiaren i denne gruppa bør vera til stades når styret drøfta saka.

§ 7. STYRET SINE FUNKSJONAR

Styret organiserar møteverksemda i samsvar med laget sitt føremål (§2).                     Styret dreg omsut for økonomien i laget og tek avgjerd i alle saker som ikkje skal  avgjerast av medlemsmøte eller årsmøte.

Styret skal dessutan:

a)      skriva årsmelding om laget sitt arbeid og leggje den fram for årsmøte

b)      handsama årsrekneskap og leggja den fram for årsmøte

c)      gjera framlegg om medlemspengar

d)     førebu og gje innstillingar i andre saker som skal leggjast fram for årsmøte

§ 8. LEIAREN

Leiaren leiar styremøta og medlemsmøta. Er han hindra frå å møta, overtek nestleiaren.   Leiaren pliktar laget med underskrifta si, og han har tilvisingsrett. Han representerar laget utetter og er laget sin representant i styret for Bjørnefjorden Næringsutvikling.

Årsmøtet vert leiar av leiaren, men valet vert leia av ein vald ordstyrar.

§ 9. MEDLEMSMØTE

Medlemsmøte vert halde når styret finn det turvande. På medlemsmøta bør leiaren orientera om saker som kan ha interesse. Saker som styret har handsama bør leggjast fram for medlemsmøte til uttale eller avgjerd. Under møta har medlemmene rett til å søkja opplysing om og gjera merkander til laget sitt arbeid og tilhøve elles.

§10. ÅRSMØTE

Årsmøte er laget si høgaste makt. Det vert halde kvart år innan utgangen av mars månad.  Styret fastset tidspunktet og sender innkalling med minst 14 dagars varsel. Saman med innkallinga bør sendast årsmelding og rekneskap for siste året og saklista for årsmøtet. Berre medlemmer som sjølv møter kan røysta. Årsmøtet er vedtaksfør nå minst 4 medlemmer i tillegg til 2 frå styret møter, eller når leiaren og minst 5 medlemmer møter. Dersom eit mindre tal møter, skal styret fastsetja nytt årsmøte. Dette er vedtaksfør utan omsyn til frammøte.

Omframt årsmøte vert halde når styret eller minst ¼ av laget sine medlemmer krev det. Dersom styret finn det føremålstenleg, kan fristen på 14 dagar kortast inn ved innkalling til omframt årsmøte.

§11. ÅRSMØTE SINE FUNKSJONAR

        Årsmøte vedtek, opphevar og endrar laget sine vedtekter.

Det skal vidare:

a)      handsama styret si årsmelding

b)      handsama revidert rekneskap for siste året

c)      fastsetja medlemspengar

d)     velja leiar, styremedlemmer og varamedlemmer

e)      velja revisor

f)       handsama andre saker som styret legg fram

g)      velja valnemnd på 2 medlemmer til å førebu valet neste år

Saker som nokon ynskjer å få handsama på årsmøte må vera komne inn til styret innan 3  veker før årsmøte vert halde.

Over årsmøte sine forhandlingar skal det førast protokoll som skal skrivast under av 2 medlemmer valde på årsmøtet.

§12. UNDERGRUPPER

Innan laget er det høve til å slutta seg saman i grupper med eigne vedtekter. Slike ”eigne  vedtekter” må ikkje stå i strid med laget sine vedtekter.

 §13. VEDTEKTSENDRINGAR

Vedtektsendringar kan berre finna stad på årsmøte.                                                         For endring av laget sine vedtekter vert det kravd 2/3 fleirtal av møtande medlemmer. Alle andre røystingar med eit unnatak som fyljger av § 14 vert avgjorde ved vanleg fleirtal. Er røystetalet likt, er leiaren si røyst avgjerande.

 §14. OPPLØYSING

Forslag om oppløysing av laget kan berre handsamast på ordinært årsmøte, og det må vera kome inn til styret før utgangen av året. Vedtak om oppløysing krev ¾ fleirtal av dei som møter, og 2/3 av laget sine medlemmer må røysta. Dersom færre enn 2/3 av medlemmene møter, kan spørsmålet avgjerast på omframt årsmøte. Vedtak om oppløysing er då gyldig uavhengig av frammøte.

 

Legg igjen en kommentar