Samarbeid med Bjørnafjorden næringsråd

 Til medlemmane – nye og gamle – i Samnanger Næringsforum.

På styremøte 30.01.2019 deltok Fredrik Schmidt Fotland som er forretningsutviklar for nye Bjørnafjorden næringsråd. Dette  er ein medlemsorganisasjon for næringsdrivande  i Os og Fusa Kommune. Hensikten med møte var å diskutera mogeleg samarbeid.

Bjørnafjorden næringsråd er godt organisert med 2 personar tilsett på 50 % stilling kvar. Drifta er finansiert gjennom tilskot frå dei to kommunane, i tillegg til medlemskontingent og andre tilskot. Målsetning for næringsrådet er å skapa aktivitet, møteplassar og nettverk, i tillegg til faglege treff for næringsdrivande i regionen. I denne samanheng  vert det bl.a. arrangert bransjeklynger, investorpanel, frukost møter, temakveldar samt kurs og konferansar.

For å styrka heile Bjørnefjord regionen foreslo Fredrik Schmidt Fotland at også medlemmane i Samnanger Næringsforum kan få delta i aktivitetane som Bjørnafjorden Næringsråd står for. Eit samarbeid om felles satsing vil styrka heile Bjørnefjord regionen.

Samnanger Næringsforum har ikkje resursar eller kapasitet aleine til å tilby tilsvarande for næringslivet som det Bjørnafjorden Næringsråd kan, og er svært takksam for at ein gjennom samarbeid i Bjørnefjord-regionen kan opna opp for eit bredt og godt tilbod for også for medlemmane i Samnanger Næringsforum. Styret meiner  det vil vera store fordelar med eit godt samarbeid mellom dei to næringslivslaga.

Bjørnafjorden næringsråd vil  få tilgang til Samnanger næringsråd si medlemslister, og for framtida vil medlemmane våre få tilsendt oversikt og invitasjon om å delta på arrangement i regi av Bjørnafjorden næringsråd, i tillegg til våre egne arrangement.   Gode opplysningar om arrangementa finn ein og på Bjørnafjorden næringsråd si Facebook side.

Me vonar tilbodet vert godt motteke av medlemmane våre, men ta gjerne kontakt om spørsmål..

Med beste helsing

For styret i Samnanger Næringsforum

Knut Bjørnås

Mobil 97094408

Posted in Siste innlegg.