Samnanger Næringsforum

(Org. No 992 811 870 – Enhetsregisteret)

Samnanger Næringsforum  ynskjer å øva innverknad på utvikling av næring og samfunn i Samnanger  i ei retning som kan gjeva auka vekst både i arbeidsplassar og innbyggjarartal. Dette er eit ambisiøst mål, og for å dette til treng me breiast mogeleg oppslutnad frå næringslivet. Eit høgt medlemstal gjev tyngde til dei utspela me gjer, og dei sakene me engasjerer oss i.

I.        Ved å bli medlem i Samnanger Næringsforum kan du sjølv også få innverknad på mange saker. Gjennom møteverksemd og e-post held me kontakt med medlemmene, og får tilbakemelding om korleis Samnanger Næringsforum skal stilla seg til aktuelle saker.

Me ber deg no vera med  og visa at næringslivet i Samnanger kan samarbeida. Gjennom samarbeid  ynskjer  me å påverka og  bidra til  utvikling  innan næring . Næringsforumet vil fokusera på det positive Samnanger har å by på.

Me i styret  trur at Samnanger Næringsfourm kan bidra til å skapa eit nettverk  innan næringslivet som trengst for å skapa samhandling og vekst..

Av aktuelle saker Næringsforumet vil engasjera seg i er:

  • Næringsdelen av den interkommunale næringsplanen.
  • Marknadsføring av industriområdet og ledige næringslokale i Samnanger.
  • Samarbeida med næringslivslag i nabokommunane for å skapa berekraftig  næringsutvikling.
  • Vinterlagringsplass for småbåtar (Rolvsvåg).
  • Styret i Næringsforumet bør ha faste møte med kommuneleiinga.

.Innan samferdsel vil Samnanger Næringsforum arbeida for:

  • Realisering av biltunnel gjennom Ulriken  (Arna-tunellen).
  • Opprusting av E16 Bergen/Voss ( 4 felts veg mellom Arna og Trengereid)
  • ”Indre trase” via Fusa for E39
  •  Støtta arbeidet med å gjera Fv.7 til fullgod omkjøyringsvei mellom Trengereid og Granvin.
  • Fotgjengarundergang ved Bjørkheim og anna trafikksikring på Fv.7 med tilførselsvegar.
  • Utbedring av innsnevringa på fylkesvegen mellom Hisdal og Rolvsvåg.
  • Vintervedlikehald av kommunale vegar – spesielt til barhehagane og skulane.

Næringsforumet vil arrangera:

  • Temakveldar der aktuelle saker vert tekne opp.
  • Kurs  – etter ynske frå medlemmane.
  • Bistå næringsdrivande med hjelp og rettleiing i saker dei sjølv finn vanskelege.

Næringsforumet vil fortsetja medlemsskapet i Næringsalliansen saman med 13 andre næringslivsorganisasjonar. Næringsalliansens hovudformål er:

  • Påverknad-/lobbyarbeid særleg regionalt og nasjonalt
  • Felles organisert talerør i forhold til Business Region Bergen.
  • Opptre samla i utvalde saker, herunder høyringsinstans.
  • Utveksling av kunnskap og erfaringar, samt nettverksdeling.

Samnanger Næringsforum vil  vera ein høyringsinstans i offentlege, så vel som private  saker, og få påverknad på t.d. reguleringsplanar og arealdisponering. Vil du ha innverknad, – så meld deg inn som medlem.

 

Legg igjen en kommentar