Merknader til planprogram for Børdalen Næringsområde

 

A/STAB AS

Ulsmågvegen 7

5224 Nesttun

 

Samnanger 24.10.2018

Merknader til planprogram for detaljregulering av Børdalen Næringsområde.

 Styret i Samnanger Næringsforum har på møte 02.10.2018 drøfta planprogrammet for detaljregulering av Børdalen næringsområde. Målsettinga med planarbeidet er å regulera næringsområdet til datasenter, der Regn Datacenters AS vil vera tiltakshavar.

Styret i forumet har få kommentarar til planarbeidet, og meiner dei utredningstema planprogrammet skisserer, tilstrekkeleg vil belysa konsekvensar for området ved bygging av eit datasenter, med tilhøyrande parkeringsanlegg og tilkomstvegar.

Styret i Næringsforumet har likevel eit par kommentarar:

  • På grunn av verna vassdrag vil nedkjøling av datasenteret nytta luft og ikkje vatn. Det er ikkje sett krav til utnytting av overskotsvarme sjølv om dette er ein resurs. Styret i Næringsforumet har merka seg at det kan leggjast til rette for bruk av overskotsvarme ved eit seinare høve. Ein reknar difor med at dette vert teke omsyn til ved val av nedkjølings anlegg.
  • Styret har ingen indikasjonar på at utbyggjar har planar om å byggja noko anna enn eit datasenter i Børdalen, men ynskjer likevel å understreka at ein ikkje ynskjer eit bitcoin anlegg i staden for eit datasenter. Styret oppfattar ikkje bitcoin anlegga som datasentre.
  • Styret kjenner til at BKK har eit stabilt og driftssikker fibersamband fram til Samnanger transformatorstasjon og dermed Børdalen næringsområde. Kapasiteten er sagt å vera tilstrekkeleg for dei første byggetrinna. Truleg er dette grunnen til at kapasitet på fiberlinjene, eller andre løysningar for dataoverføring, ikkje er omtala i planprogrammet.

Samnanger Næringsforum er takksam for at Regn Datacenters AS vil etablera eit datadenter i Børdalen Næringsområde, og dermed skaffa nye kjærkomen arbeidsplassar i Samnanger. Over 50% av arbeidstakarane i Samnanger må i dag pendla ut av kommunen for å finna arbeid.

 

Med beste helsing

For Styret i Samnanger Næringsforum

Knut Bjørnås (Sign)

Mobil: 97094408

e.mail: knut.bjoernaasotmail.com

Posted in Siste innlegg.