Høyringsuttale til trafikksikringsplan 2017 – 2021

Samnanger Kommune
Tyssevegen 217
5650 Tysse
Årland, 26.06.2017

Høyringsuttale til trafikksikringsplan 2017 – 2021
Styret i Samnanger Næringsforum handsama forslaget til trafikksikringsplan 2017 – 2021 på styremøte 08.06.2017. Styret ville sett pris på å fått tilsendt kopi av planutkastet, før handsaminga. Me voner dett kan la seg gjera i framtida når det gjeld høyringsutkast som omhandlar infrastruktur og næringslivsspørsmål generelt.
Basert på planutkastet som er lagt ut på Kommunen sine heimesider, gjekk styret gjennom utkastet. Hovudinntrykket er at planen tek for seg, og peikar på løysingar av mange potensielle trafikkfellene i kommunen. Styret vil likevel koma med nokre merknader:
Frå lokalavisa ser ein at Statens Vegvesen i nær framtid vil oppgradera Hagaås og Liarostunnellen med betre lys og nytt sikkerheitsutstyr. Hagaåstunnellen vil dessutan få DAB dekning. Seinare skal også Haukanestunellen rehabiliterast. Dette er svært bra, og i tråd med det Næringsforumet tidlegare har spelt inn, men styret meiner desse tiltaka burde også vert omtala i trafikksikringsplanen. I tillegg til nemnte oppgraderingar, meiner styret at innvendig kalking av tunellane, for å gjera dei lysare og dermed meir trafikksikre, bør også vurderast.
Når det gjeld hovudvegen gjennom kommunen, fv.7, bør ein vurdera omfanget og kva betydning denne vegen vil ha som omkøyringsveg for E16. Når anleggsperioden for bygging av ny E16 mellom Arna og Voss startar, vil det truleg verta naudsynt å stengja denne stamvegen over lengre og kortare periodar. I slike periodar vil fv.7 verta nytta som omkøyringsveg, noko som sjølvsagt vil føra til stor auke i gjennomgangstrafikken inkl. tungtrafikken. I denne samanheng bør ein merka seg at fleire av tunellane på fv.7 gjennom kommunen har tunellhøgde på 4 meter. Desse lave tunellane vil fører til at store køyretøy «legg seg» midt i køyrebana, noko ein har erfart fleire gonger øvre Hisdal/Grasdalslia. Ein har og merka seg at tunellportalar er påført skader med den fylgje at lausmassar lett kan rasa ned i vegbana.

På vegstrekningen (fv.7) mellom Haukanestunellen og Hagaåstunellen er det tre av/påkøyrslar som kan vera trafikkfarlege, nemleg avkøyrsla til Slåtto, Lønnebakken og til Haga. Fartsgrensa på strekningen er 80 km/t. Dersom ein for framtida vil oppretthalda denne fartsgrensa, meiner styret i Næringsforumet at avkøyrsle til Slåtto bør stengjast heilt, medan kryssa til Lønnebakken bør få avkøyringsfelt og avkøyrsle i retning frå Bjørkheim mot Haga bør få oppbremsingsfelt. Om ein vel å oppretthalda avkøyrslane uforandra, bør fartsgrensa reduserast til 60 km/t.
Rundkøyring ved Samnanger Barneskule synes å vera eit godt forslag, men føresetnaden er at ein finn erstatning for redusert areal for parkeringsplassar.
Styret i Næringsforumet meiner og at merkinga i det nye krysset mellom fv.48 og fv.136 (før innløpet til Tyssetunellen på Tyssesida) ikkje er tilfredsstillande. På fv.136 bør ein skifta ut skilt nr. 202 «vikeplikt» og erstatta det med skilt nr. 204- «full stopp». Dette vil føra til at førarar av motorkøyretøy som vil køyra inn på fv. 48 vil verta meir merksam på kryssande trafikk. Fv.48 har fartsgrense på 80 km/t på denne staden, og krysset ligg relativt tett ved tunellutløpet.
Fylkesveg 137 er ein mykje brukt gjennomkøyringsveg mellom Samnanger og Os, men diverre har parsellen mange svært dårlege parti, noko som reduserer nytte og bruksgraden, særleg for næringsdrivande som brukarar av vegen. På Samnangersida er det vegstykket ned mot Trengereid-fjorden som treng utviding. Utviding av denne parsellen er viktig for utvikling og utviding av Rolvsvåg industriområde. Parsellen kan lett verta ein «flaskehals» om ein får auka aktivitet i Rolvsvågområdet. Styret meiner difor at utbetring av denne parsellen bør vera med i planutkastet, og spelast inn til Fylkeskommunen som eit viktig tiltak.
Endeleg har styret i Næringsforumet merka seg nokre «skrivefeil» som bør vurderast og eventuelt rettast opp i den endelege utgåva:
Prioriterte tiltak – prosjektark nr. 1. Miljøgate er merka Indre Tysse. Her skal det nok vera Ytre Tysse i staden.
Prosjektark 4 . kommunale vegar frå fv.134. Her viser ein til «Frølandsvegen, Tyssedalsvegen til og med brua». Styret stussar på Tyssedalsvegen og meiner det her skal vera Tysselandsvegen.
Under måloppnåing TS er det vist til Totræna Idrettsanlegg. Styret meiner det her skal vera Totræna Vinterpark.

Med beste helsing
For Samnanger Næringsforum
Knut Bjørnås
(Sign)

Posted in Siste innlegg.