Høyringsuttale til Kommuneplanens arealdel 2017 – 2027

Samnanger Kommune
Tyssevegen 217
5650 Tysse

Årland, 12.06.2017

Høyringsuttale til Kommuneplanens arealdel 2017 – 2027
Styret i Samnanger Næringsforum drøfta delar av arealplanen på møte 08.06.17, då særskild avsnittet som gjeld næring. I denne samanheng vil ein koma med fylgjande kommentarar:
Næringsforumet har tidlegare gitt fleire innspel til arealplanarbeidet, men ikkje motteke kommentarar eller tilbakemeldingar. Forumet har heller ikkje motteke planen til gjennomsyn. For framtida ber ein om at kommunen tek Samnanger Næringsforum med på distribusjonslista for liknande planar. Til orientering så representerer Forumet i dag 31 næringsverksemder.
Styret i forumet stiller spørsmål om grunnen til at områda som er avsett til næring i kommunedelplanen (Kap 19 side 17) i Appendiks 1 er redusert til to områder, nemleg Raunekleiva og Børdalen, og vil tilrå at ein i arealdels planen legg til rette for utvikling av næringsområde som ligg tett inn til hovudvegane gjennom kommunen (fv.7 og fv.48). Styret vil derfor på ny peika på at området i Hisdal (mellom Innstetjørna og Midttjørna) og på Gaupholm (N09) bør inkluderast i planen.
Vidare meiner styret at reguleringsplan for utviding av Rolvsvåg industriområde bør starta så snart råd er, sjølv om ein har ledige tomtar i eksisterande regulert området. Ein har erfart at å få laga og få godkjent ein slik reguleringsplan tek lang tid. Bergensområdet har mangel på næringsareal, og med pågåande utbygging av infrastrukturen kan Samnanger lett verta attraktivt for etablering av nye verksemder. Det er då viktig å ha tilgang på ledig areal til ulike formål.
Styret i Samnanger Næringsforum vil og peika på at dersom kommunen får tilgang til overskotsmasser frå vegarbeid og liknande, bør ein vurdera å fylla ut deler av «pøyla» ved Nordbygda grendehus. I arealplanen bør ein derfor setja av plass til parkering i dette området.
Endeleg ber Næringsforumet om ei avklaring omkring samanhengen mellom Arealplanen og Kystsoneplanen. Når skal ein forhalda seg til Arealplanen og når gjeld Kystsoneplanen ? Me vil vera takksame for tilbakemelding.

Med beste helsing

For Samnanger Næringsforum
Knut Bjørnås
(sign)

KOMMENTARAR FRÅ SAMNANER KOMMUNE:

Næringsareal generelt – Samnanger Næringsforum
Status: Delvis innfridd.
Styret i forumet stiller spørsmål om grunnen til at områda som er avsett til næring i
kommuneplanen (kap 19 s. 17) i Appendiks 1 er redusert til to område –Raunekleiva og
Børdalen. Dei vil rå til at arealplanen legg til rette for utvikling av næringsområde som ligg
tett inn til hovudvegane fv 7 og fv 48. Styret vil difor på ny peika på at området i Hisdal
(mellom Instetjørna og Midttjørna) og på Gaupholm (N09) bør inkluderast i planen.
Vidare meiner ein at reguleringsplan for utviding av Rolvsvåg industriområde bør starta så
snart som mogleg, sjølv om ein har tomter i eksisterande regulerte område. Dette fordi
regulering tek lang tid, og Bergensområdet har mangel på næringsareal.
Næringsforumet peikar på at dersom kommunen får tilgang på overskotsmassar frå
vegarbeid og liknande, bør ein vurdera å fylla ut delar av «Pøyla» ved Nordbygda grendehus.
I arealplanen bør ein difor setja av plass til parkering i dette området.
Avslutningsvis ber Næringsforumet om ei avklaring om tilhøvet mellom arealplanen og
kystsoneplanen – Når skal ein forhalda seg til arealplanen og når skal ein forhalda seg til
kystsoneplanen?
Administrasjonen sin kommentar:
Det ser ut som om Næringsforumet har misforstått litt, for næringsareala i kommuneplanen
er ikkje reduserte til berre Børdalen og Raunekleiva. Det er desse to som er nye, difor er dei
omtala i Appendiks 1 Konsekvensutgreiing. Område N09 Gaupholm ligg inne i planen frå før,
medan Hisdal av ulike grunnar ikkje har blitt vurdert i denne rulleringa.
Kommunen har ingen umiddelbare planar om å starta regulering av meir næringsareal i
Rolvsvåg, då det er svært mykje ledig areal i eksisterande reguleringsplan.
Det er i arealplanen allereie sett av område for parkering rundt heile Reistadpøyla, men i
områdereguleringsplan for Bjørkheim er det regulert til friluftsføremål. Dersom ei utfylling
skulle bli aktuelt kan ein gjera ei omregulering av Bjørkheimsplanen.
Kystsoneplanen er i denne rulleringa blitt bakt inn i kommuneplanens arealdel, og blir fullt ut
erstatta

Posted in Siste innlegg.