Høyringsuttale om K 5 – vei og bane Arna Stanghelle

 

Statens Vegvesen Region vest

Askedalen 4

6863 Leikanger

                                                                                                        Rødne 13.06.2018

 

Merknader til tilrådd alternativ i planprogram for E16 og Vossebana (K5).

Styret i Samnanger Næringsforum har drøfta tilrådd alternative for K5 Arna/Stanghelle, med særleg fokusert på parsellane frå Arna til Trengereid for E16 og Vossebana.

Styret er nøgd med at ein har funne løysing for kopling mot framtidig Ringveg Øst (E39) i Arna for E16, og at ein tilrår kopling med fv. 7 på Trengereid.

Av planprogrammet går det derimot ikkje fram om koplinga mellom fv. 7 og E 16 vil ha kapasitet nok til å ta imot auka trafikk på fv. 7 til/frå regionen Øst for Trengereid. I denne samanheng etterlyser styret i Samnanger Næringsforum ei omtale om mogelegheitene til å knyta til E134 (Hordalandsdiagonalen «arm» Jøsendal – Bergen), om framtidig KVU konkluderer med at alternativet via Odda Norheimsund og Samnanger med påkopling E16 ved Trengereid, er det beste. Det er utarbeid fleire rapportar som viser at dette alternativet er det mest fordelaktige samfunnsøkonomisk.

Når deg gjeld den nye Vossebana beklagar Næringsforumet at planprogrammet legg til grunn at Trengereid stasjon vert lagt ned. Kvam, Samnanger, Fusa og området ved Trengereid har mange arbeidspendlarar som dagleg reiser til/frå Arna og Bergen. I tillegg må innbuarane i desse kommunane ofte til Bergen for å få utført andre viktige gjeremål. Kollektiv-tilbodet til/frå store deler av regionen er ikkje av det beste, slik at bruk av privatbil ofte vert vald.

I tider når ein vert oppfordra til mindre bruk av bil, verkar det «motstraums» å leggja ned kollektivtilboda og i tillegg redusera innfartsparkeringa og endå til etablering av avgiftsordningar i Arna. Dette viser at stasjonen på Trengereid er viktig for framtidig bruk av jernbanen som eit kollektivt transporttilbod.

Bruk av overskotsmassar:

Styret i Forumet har drøfta mogeleg bruk av overskotsmassar i vårt nærområde, og vil foreslå fylgjande:

  • Opparbeiding av «krabbefelt» inkl. gang og sykkelveg for fv. 7 frå tunnelmunning ved Trengereid opp mot Gullbotn. Dette for å unngå farleg forbikøyring når tunge køyretøy er på veg opp dalen.
  • Økt trygg parkeringstilbod ved Gullbotn. Spesielt med tanke på vinteraktiviteter og generelle friluftsaktiviteter.
  • Steinfylling og planering av Hisdals flatane, dvs. grava av jorda, planera og flytta jorda tilbake på fyllinga Ein forutset at tiltaket er kostnadsfritt for grunneigar.  (Avstand ca. 4 km frå Trengereid).
  • Utfylling for samanhengande og trygg gang og sykkelsti frå Trengereid til Ådland og vidare til Bjørkheim. Dette vil vera viktig bidrag til trafikktryggleiken på ein sterkt trafikkert veg. Ein bør også vurdera om det er mogeleg å heva vegbana nedst i Ådlandslia med tanke bygging av fotgjengarundergang her.
  • Grava av jord og fylla stein på Reistad-flatane. Fyllinga må planerast og jord leggjast tilbake på topp av fyllinga dvs. førast tilbake som jordbruksland. (Ref. betre arrondering i landbruket). Ein forutset at tiltaket er kostnadsfritt for grunneigarar.   (Avstand frå Trengereid ca. 9,5 Km.)
  • Bruk av overskotsmassar til å utbetra smale parsellar på fylkesveg 137 mellom Hisdal og Rolvsvåg.

Dersom ynskjeleg kan Samnanger Næringsforum delta på synfaring av dei ulike alternativa for bruk av overskotsmassar. Ta gjerne kontakt med underteikna.

 

Med beste helsing

For styret i Samnanger Næringsforum

Knut Bjørnås (Sign)

Mobil: 97094408

e.mail: knut.bjoernaasotmail.com

 

 

 

Kopi: Samnanger Kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse.

Posted in Siste innlegg.