Årsmelding 2017

 

Årsmelding 20017

 

Styret har i 2017 vert samansett som fylgjer::

 

Knut M. Bjørnås                              Styreleiar

Linda Haug Kollbotn                       Nestleiar

Anne Gro Aadland                          Sekretær

Johannes Bruvik                              Styremedlem

Frode Odland                                  Styremedlem

Erlend Steinsland                            Styremedlem

Karl Kollbotn                                 Kommunal representant

 

Vara medlemmar :                            Karina Liøen Frøland og Jan Gunnar Våge

Vara kommunal representant         Knut Harald Frøland

Revisor               :                            Arne Nordbø

Valnemnd          :                           Toralv Sæterhaug og Kjell Odland.

 

Ved årsskiftet hadde forumet 32 betalande medlemmar – ein auke på 1 frå førre år. (2 medlemmer har meldt seg ut, 3 har meldt seg inn).

 

Aktivt år.

2017 var eit nytt aktivt år for næringsforumet. I alt vart det halde 5 styremøte, og 2 medlemsmøte der fylgjande var tema: «Korleis kan kommunen og næringslivet best samarbeida i næringslivsspørsmål». Kjetil Hestad, tidlegare ordførar i Tysnes kommune, no miljø og samfunnskoordinator i selskapa Lingalaks og Tombre gruppa held eit inspirerande foredrag om korleis ein skal to imot og rettleia gründerar for å koma i gang med nye verksemder i kommunen. Den andre temakvelden handla om «NAV ein nyttig samarbeidspartnar» og oppfølging av sjukemeldte. Erlend Steinsland held eit svært godt innlegg , der han forklarte at SPAR har teke inn fleire arbeidssøkjande frå NAV, og kom inn på korleis oppfylginga i hans verksemd har vert. Frå Nav Samnanger møtte Magne Djuvik og frå Arbeidslivssenteret i Hordaland, Jarle Berge og Heidi Myrvold.

Tilbakemeldingane frå fellesmøta er gode, men oppslutnaden burde vert betre.

 

Diverse kurs.

Også i år har Samnanger Næringsforum i samarbeid med Kursverekstedet fått tildelt midlar frå Kompetanse Norge. Tildelinga dekker i alt 140 kurstimar. Næringsforumet har inngått avtale med Kursverkstedet om i alt 30 timer a Kr 700 + MVA skal betalast til Forumet som kompensasjon for arbeid med tilrettelegging og utgifter til materiell etc. som forumet har hatt. 80% vart betalt ved kursstart, 20% skal betalast når kursa er gjennomført. Til no er det gjennomførte kurs i Marknadsføring ved hjelp av sosiale media og kurs i bruk av Outlook, Word, Excel og PowerPoint. Det kan koma på tale med fleire kurs om det viser seg å vera interesse for det.

Påmelding til kursa har vert gode, men frammøte på kursdagane har variert ein god del. For at flest mogeleg skal få delta uavhengig av arbeidstid, er kursa gjennomført tysdagar melom kl. 1400 – 1700 og mellom kl. 1800 – 2100. (Same kurs begge tidsintervalla). Takk til Samnanger Kommune for at me får nytta det nye biblioteket. Dette har fungert svært godt.

 

Multimedia brosjyre.

Samnanger Næringsforum har aktivt delteke saman med eit utval frå Samnanger Kommune og EA studio i ei arbeidsgruppe med formål å få laga ei oppdatert brosjyre med formål å profilera Samnanger Kommune og næringsdrivande her. Brosjyren er ei såkalla Multimedia brosjyre, og består av ei trykt brosjyre i tillegg til onlineversjon som er tilgjengeleg på nettsidene og i e-post-autosignaturar.

JS Norge, som tidlegare har laga ei brosjyre både for Samnanger og kommunar kring oss, kontakta mange næringsdrivande med tanke på annonser/sponsing av brosjyren. Dei lykkast med å få tilstrekkeleg respons både frå næringslivet og frå kommunen til at dei kunne starta arbeidet med ei 16 siders brosjyre. Etter ynskje frå kommunen vart brosjyren, distribuert som eit vedlegg til «Samningen». Kopi av brosjyren er dessutan delt ut til dei fleste næringsdrivande i Samnanger med tanke på vidare distribusjon til kundar og andre forbindelsar. Brosjyren er også distribuert via sosiale media (linkendIin, Face -book og Twitter), og er derfor tilgjengeleg for kven som helst, kor som helt og når som helst. Tilbakemeldingane ein har fått er gode, både når det gjeld kvalitet, bilete og tekstar.

 

Høyringsuttale

Næringsforumet har gjennom meldingsåret uttalt seg om fylgjande saker:

  • Utbygging av breiband i samarbeid med Samnanger Kommune
  • Høyringsuttale til Kommuneplanens arealdel 2017 – 2027.
  • Høyringsuttale til trafikksikringsplanen 2017 – 2027.

Kopi av uttalane er lagt ut på Næringsforumet sine heimesider (www.samnanger-næring.no).

 

Breiband til Rolvsvåg industriområde

Næringsdrivande i Rolvsvåg og Sagen har lenge hatt problem med dårleg kommunikasjonssamband og sakt breiband. Dette har hatt negative konsekvensar for drifta og har til tider også gått utover sikkerheita til dei som arbeider her.

Våren 2016 lyste Hordaland Fylkeskommune ut at kommunane i fylket kunne søkja tilskotsmidlar til utbygging av breiband. I denne samanheng tok Næringsforumet kontakt med kommunen med oppfordring om at søknad vart sendt. Me er svært glade for at Kommunen tok oppfordringa og sendte søknad. I april 2017 vart det klart at Fylkeskommunen løyvde kr. 1,000 000 til utbygging av infrastruktur for breiband i Rolvsåg og Saga. Tilsegna gjeld til 31.12.2018.

I tillegg løyvde Samnanger Kommunestyret inntil kr. 349.000 til same formålet.

Med bistand frå Odin Prosjekt fekk kommuneadministrasjonen utarbeid anbodsdokument for utbygginga. Rammene var at det i 2018 skal byggjast ut breibandnett for alle fastbuande, fritidsbustader og næringsdrivande i Rolvsvåg Saga område, med hastigheit hos den enkelte sluttkunde på minimum 90/90 Mbit synkront. (dvs. 90 Mbits/s på både ned og opp lasting). Anbodspapira vart sendt til BKK/Bergen Fiber, Telenor og Kvamnet. Kvamnet var den einaste som gav tilbod, til gjengjeld ser tilbodet ut til å tilfredsstilla krava som var fastsette i anbodspapira.

 

På møte med næringsdrivande i Rolvsvåg kom det fram skepsis til Kvamnet som leverandør av breiband, men etter å ha sett kravspesifikasjonen, synes dei fleste å vera nøgd med utbyggjaren. Arbeidet er påbegynt, og skal vera ferdig innan 31.08.2018.

 

Næringshagen i Hardanger.

Næringshagen i Hardanger (NIH) er programoperatør i Statens Industrivekstanlegg (SIVA) sitt næringshageprogram, og er ein regional næringshage som primært har Hardanger som arbeidsområde. Næringshagen har interesse av å utvida verksemda til også å omfatta Samnanger. I Samnanger kommune er det no først og fremst ordførar og rådmann som har ansvar for næringsutvikling.Samnanger Næringsforum vart invitert av Næringshagen til eit møte i Øystese for å vurdera om det kunne vera interessant også Samnanger. Dette første møte konkluderte med at ein ville få til eit møte med Samnanger Kommune, Næringsforumet og Næringshagen. Møte vart halde på kommunehuset i Samnanger 14. desember 2017. Av referatet frå dette møte går det fram:

«NIH kan ha interesse av å gjera avtale med Samnanger kommune om å gje hjelp til den lovpålagde førstelinje-tenesta for etablerarar. Næringshagen på Voss har ein slik avtale med Vaksdal kommune. NIH vil skaffa opplysningar om detaljar i denne avtalen og sjå om denne kan vera ein mal for ein liknande avtale med Samnanger.

 

Dersom NIH skal ha aktivitet i Samnanger, vil det vera ynskeleg å kunna ha eit fast lokalt kontaktpunkt for å vera lett tilgjengeleg for bedrifter i Samnanger. Eit tett samarbeid med Samnanger Næringsforum for å dra nytte av lokal kunnskap og nettverk vil vera ynskeleg. På Samnanger kommunehus er det no eit ledig lokale der det tidlegare var bibliotek som kunne passa til føremålet. Kan dette bli ein stad for både NIH, Samnanger Næringsforum og vera gjestekontor for både etablerte mindre bedrifter og etablerarar? Samnanger kommune bør avklara kva dei kan bidra med for å etablera eit slik senter for næringsutvikling.

NIH vil gjerne ha Samnanger kommune som aksjonær dersom vi kjem fram til ein avtale om samarbeid. Det gjev innsyn og påverknad på arbeidet til næringshagen. Kommunane i Hardanger har teikna aksjekapital som varierer mellom 10 – og 50.000 kr. Samla aksjekapital i NIH er kr 525.000,-.

 

Bedrifter i Samnanger bør i næraste framtid inviterast til eit møte der NIH kan få informera om kva ein næringshage i SIVA-systemet er og der ein kan sjå om det er interesse for å delta som mål- eller medlemsbedrift i NIH. Samnanger Næringsforum får ansvar for å kalla inn til dette møtet, gjerne med aktiv kontakt på både e-post og telefon. NIH kan bidra med informasjonsmateriell som kan skapa interesse for å møta opp.»

 

På nemnte møte vart det diskutert å nytta deler av tomme biblioteklokalet i kommunehuset til eit felles gründar- kontor. Ein såg for seg at både Næringsforumet og Næringshagen i Hardanger kunne etablera eit «gründar- kontor» her for å vera til hjelp med villeiing og i det heile skapa eit miljø for etablerer og andre med tankar om å starta eigen verksemd.

I etterkant er det kome nye problemstillingar, i tillegg til stort arbeidspress på kommune -leiinga som har ført til at tilbodet frå Næringshagen i Hardanger er «satt på vent». Ein er likevel velkomen til å ta kontakt med Næringshagen når ein finn behov og rette tida for det.

 

Bjørnefjorden Næringsutvikling avvikla.

Bjørnefjorden Næringsutvikling er no avvikla og unytta midlar (ca. Kr. 1,7 mill.) betalt tilbake til Hordaland Fylkeskommune. Dei tre medlemskommunane (Os Fusa og Samnanger) fekk høve til å søkja om tilskot til prosjekt som fremmer nærings – og samfunnsutvikling i Hordaland. Samnanger Kommune søkte om tilskot på Kr. 500,000   til eit prosjekt som tek sikte på å gjera Fossen Bratte til ein spesiell reiselivs-destinasjon,. Målsettinga er å skapa eit heilskapleg opplevingsprodukt der fossen de det viktigaste målet. Prosjektet vart innvilga eit tilskot på Kr. 400,000,-. Det er danna ei prosjektgruppe der Nina Fredriksen (Samnanger Kommune) er prosjektleiar. Samnanger Næringsforum er medlem i den foreløpige prosjektgruppa.

 

Næringsforumet har i løpet av meldingsåret fått laga eigen logo (som ein ser øvst på arket).

Logon vil verta brukt på alle dokument og korrespondanse distribuert ut frå forumet.

 

Styret er takksame for tilbakemelding frå medlemmane om saker ein vil styret skal ta opp og engasjera seg i.

 

* * * * * * * * * *

Posted in Siste innlegg.