Årsmelding 2016

Årsmelding 20016

 

Styret har i 2016 vert samansett som fylgjer:

 

Knut M. Bjørnås         :                    Styreleiar

Linda Haug Kollbotn :                   Nestleiar

Anne Gro Aadland     :                   Sekretær

Karina Liøen Frøland:                   Styremedlem

Johannes Bruvik        :                   Styremedlem

Frode Odland             :                   Styremedlem

Karl Kolbotn              :                    Kommunal representant

Vara medlemmar      :                   Erlend Steinsland og Jan Gunnar Våge

Vara kommunal representant :  Knut Harald Frøland

Revisor               :                            Arne Nordbø

Valnemnd          :                            Toralv Sæterhaug og Kjell Odland.

 

Ved årsskiftet hadde forumet 31 betalande medlemmar – ein auke på 3 frå førre år.

Næringsforumet samarbeider med Invest in Bergen, de Samnanger Kommune er medeigar. Invest in Bergen sine heimesider er linka mot Næringsforumet si heimeside.

Næringsforumet er representert i styret til Bjørnefjorden Næringsutvikling.

2016 var eit nytt aktivt år for næringsforumet. I alt vart det halde 5 styremøte, og 3 temakveldar med fylgjande temaer: «skilt eller reklame», «Samnanger og næring 2020» og «Temakveld for Gründerar». Tilbakemeldingane frå fellesmøta er gode, med unntak av den siste temakvelden, kunne oppslutnaden vert betre.

 

Gjennom meldingsåret har ein ikkje gjennomført bedriftsbesøk, men til gjengjeld har næringsforumet, gjennom samarbeidspartnaren Kursverkstedet AS, besøkt 4 av medlemsbedriftene for å få analysert moglegheiter og utfordringar med tanke på produksjon og marknadsføring.

Hausten 2016 avslutta Kursverkstedt AS som i samarbeid med Næringsforumet har gjennomført fleire kurs i basiskompetanse for næringslivet. Av sluttrapporten går det fram at gjennom dei to åra (2015/2016) tilskotta frå nasjonal Fagorgan gjaldt, vart det gjennomført i alt 380 kurs timar. Det var 31 personer frå medlemsbedriftene som nytta seg av tilbodet.

 

Næringsforumet søkte også Kompetanse Norge om tilskot for 2017, men denne søknaden vart diverre ikkje imøtekomen. Det ikkje teke stilling til om Forumet skal søkja på ny til hausten.

 

Næringsforumet har gjennom meldingsåret uttalt seg om fylgjande saker:

  • Utbygging av breiband i samarbeid med Samnanger Kommune
  • Skilting mot Rolvsvåg industriområde og ny skiltplan for Bjørkheimsområdet – fleie møter med Statens Vegvesen i denne samanheng.
  • Sikring av mjuke trafikantar ved kyrkja og gardsbarnehagen på Ådland.
  • Ustabil straumforsyning, brev og møte med BKK/Kommunen.
  • Høyringsuttale om ringveg aust/ E39 nord i Åsane.

 

Næringsforumet har engasjert seg i spørsmålet om ny hovudveg øst vest over Haukeli (E 134) med arm (Hordalandsdiagonalen) frå Odda inn mot Bergen, og vil i samarbeid med andre næringslivs-organisasjonar arbeida for at dette prosjektet vert realisert.

Nokre medlemmar frå forumet har dessutan delteke på informasjonsmøte i Arna om nye E16 mellom Arna og Voss. Informasjonsmøte vil verta følgt opp med eit nytt møte våren 2017. Næringsforumet er særleg oppteken av ringveg Øst i tillegg til avkjørsle/kryss mellom E16/fv7 ved Romslo eller (helst) Trengreid. Forumet er og oppteken av finansieringsordning/bompengar for desse prosjekta då dette kan ha betyding for Samnanger. Referat frå desse informasjonsmøta finn ein ved å logga seg på Statens Vegvesen sine heimesider.

 

Business Region Bergen har lenge arbeida med å få oversikt over ledige næringsareal i heile Bergensregionen. Hensikta er å bidra til at nabokommunar har felles tankar om utvikling av næringsareal i region. Ledige næringsareal og kontorbygg, enten for sal eller utleie, er naudsynt for vekst og utvikling i næringslivet. Dette gjeld både for eksisterande verksemder som ynskjer ekspansjon så vel som for nye verksemder som ynskjer å etablere seg i vår region.

Tilboda er digitalisert og finnes på www.arealguiden.no

For Samnanger Kommune sin del treng Arealguiden oppdatering både av ledige industriområder og ledige industri- og kontorlokale. Næringsforumet har peika på dette ved fleire høve og er lite nøgd med at oppdateringa dreg ut i tid. Dette er på ny teke opp med kommuneadministrasjonen.

 

Forumet i samarbeid med kommuneadministrasjonen har hatt fleire møter med Vegvesenet for å diskutera vegskilting for å synleggjera kvar ein finn dei einskilte næringane i Kommunen. Dette gjeld merking av avkjørsle i Hisdal mot Rolvsvåg industriområde og for Bjørkheimsområdet. Vegvesenet har gjennom meldingsåret montert skilt som viser avkjørsle frå fv. 7 til industriområdet. Næringsforumet vil følgja opp med nye purringar. I brev datert 15.02.2017 stadfestar Statens vegvesen, med visse vilkår, at dei fleste skilta som var førespegla for Bjørkheimsområdet vil verta montert i nær framtid.

Bergen Byråd vedtok å styrka kommunens egen evne til å drive aktiv næringspolitikk. Som konsekvens av dette foreslo byrådet å avslutte kjøp av tenester frå Business Region Bergen AS med verknad frå 1. januar 2017. Dette betydde i praksis at firmaet som her drevet næringsutvikling for kommunane i Bergensområdet vart lagt ned.

Noverande eigarkommunane (der Samnanger er med) og Hardangerrådet har i fellesskap utarbeidd eit framlegg for å ivareta og styrka nokre av tenestene som før var ivaretekne av Business region Bergen. I hovudsak gjeld dette Etablerersenteret og prosjektet «invest in region Bergen». Hordaland fylkeskommune har hovudansvaret for dei to prosjekta. Ved oppstår hadde Etablerersenteret 2 tilsette (1.7 årsverk). Begge var tidlegare tilsett ved Business Region Bergen.

Oppgåver som «Invest in Region Bergen» er blant anna aktivitetar knytt til marknadsføring, innsal av regionen, betjening av innkomande handvendingar, kontinuerleg oppdatering av næringsarealguiden og nettsidene til «Invest in Region Bergen».

Næringsforumet får tilsendt nyheitsbrev frå «Invest in Region Bergen». Etter avtalt med utstedar vert nyheitsbreva distribuert til medlemmane i forumet.

 

Bjørnefjorden Næringsutvikling held styremøte 24.02.2017 der ordførar i Os kommune, Marie Elisabeth Lunde Bruarøy, vart vald til styreformann. Samnanger kommune vald til å fortsatt føra rekneskapen.

Bjørnefjorden Næringsutvikling har ein del midlar frå tidlegare tildelingar frå Fylkeskommunen. Sjølv om ordninga med Regionale næringsfond no er endra, bekrefta Fylkeskommunen at tidlegare tildelte midlar kan delast ut til søkjarar om regionale næringslivstiltak.

Det vert gitt informasjon om søknadsprosedyre, og om kven som kan søkja, i lokalavisene og på kommunane eller næringslivslaga sine heimesider. Næringsforumet vil derfor på ny tilrå alle som har tiltak som fell inn under forskriftene for fondet, om å søka. Fondet dekker ikkje driftsutgifter eller tilskot til eigenkapital, men investeringar i prosjekt av regional betyding.

 

* * * * * * * * * *

Posted in Siste innlegg.